Onsdag 14. oktober la EU-kommisjonen fram eit forslag om å utsetje gjennomføringa av enkelte krav i metanforordninga med eitt år. Krava gjeld overvaking, rapportering og verifisering for importørar av gass, olje og kol. Ifølgje Kommisjonen skal utsetjinga bidra til å tryggje energiforsyninga i lys av den geopolitiske situasjonen. Samstundes understrekar Kommisjonen at endringsforslaget ikkje svekkjer ambisjonane om å redusere metanutslepp. Forslaget vil no bli handsama av Europaparlamentet og Rådet.
Kommisjonen opna denne veka òg ei høyring om nye malar for rapportering under metanforordninga, med frist 6. november.
LNG-tankskip. Illustrasjonsbilete. Foto: Sylvain Thomas / EU
EU-toppmøte: energi på dagsordenen
15. og 16. oktober er det møte i Det europeiske råd i Brussel. Europeisk konkurranseevne og energiprisane står sentralt. Det er venta at EU-leiarane vil be EU-kommisjonen vurdere målretta og mellombelse tiltak for å dempe konsekvensane av dei høge energiprisane. Dei vil òg drøfte Europa sin langsiktige strategi for å redusere avhengnaden av fossile brensel. EU sitt neste langtidsbudsjett, Ukraina og Midtausten er òg blant hovudsakene for møtet.
Forhandlingar om TEN-E-forordninga
Tysdag 13. oktober var det trilogforhandlingar om forordninga om transeuropeisk energiinfrastruktur (TEN-E), som er ein del av den europeiske nettpakken («European Grids Package»). Energikommissær Dan Jørgensen sa at det hadde vore god framgang i forhandlingane, og at ei meir samordna europeisk tilnærming til nettplanlegging er avgjerande for å få ned energikostnadene. Jørgensen understreka at partane må kome til semje så snart som mogleg (sjå innlegg på X).
Europeisk dag for energieffektivisering
Torsdag 15. oktober fann den femte europeiske dagen for energieffektivisering stad i Brussel, arrangert av EU-kommisjonen saman med organisasjonen European Alliance to Save Energy. Energikommissær Dan Jørgensen deltok og heldt eit innlegg under opninga.