Tysdag 20. oktober la EU-kommisjonen, saman med høgrepresentanten for EU sin utanriks- og tryggleikspolitikk, fram ei ny melding om Arktis. Meldinga har tittelen «Europe’s Northern Neighbourhood: A New Strategy for the Arctic» og inneheld fire prioriteringar: styrkt tryggleik og motstandskraft, handtering av klimaendringar, auka velstand og ein trygg økonomi, og moglegheiter for folk og lokalsamfunn. I meldinga står det at EU vil styrkje energitryggleiken og støtte utviklinga av fornybar energi i Arktis. Teksten på olje og gass framstår som ei oppmyking samanlikna med Arktis-meldinga frå 2021. Referansen til moratorium frå 2021 er ikkje omtalt i den nye meldinga.
EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen, presenterte EU si nye Arktis-melding 20. oktober (foto: Dati Bendo / EU).
Europaparlamentet vil utsetje metankrav med tre år
Europaparlamentet røysta 22. oktober over posisjonen sin til EU-kommisjonen sitt forslag om å utsetje gjennomføringa av enkelte krav i metanforordninga med eitt år. Krava gjeld overvaking, rapportering og verifisering for importørar av gass, olje og kol.Parlamentet vedtok i staden å utsetje desse krava med tre år. Parlamentet skriv at det no er klart til å innleie forhandlingar med Rådet.
Energiministermøte neste veke
Torsdag neste veke møtest EU sine energiministrar i Luxembourg. Øvst på dagsordenen står forslaget til forordning om reduserte nettkostnader, som vart lagt fram av EU-kommisjonen i juli. Ministrane vil òg drøfte energitryggleiken i vinter, inkludert utfordringar knytte til forsyningar og prisar på kort sikt, samt energitryggleiken på lengre sikt. I tillegg vil ministrane drøfte moglege energimål som kan inngå i energi- og klimarammeverket etter 2030.
Norske selskap får støtte frå Innovasjonsfondet
EU-kommisjonen har valt ut 77 prosjekt for nullutsleppsteknologi i 23 land som vil bli tildelt 3,4 milliardar euro frå Innovasjonsfondet. Tildelinga inkluderer tre prosjekt i Noreg, eitt innan havvind og to innan karbonfangst. Desse prosjekta vil til saman få 3,3 milliardar kroner i støtte. Les meir om dei norske prosjekta hos Enova.