Måndag publiserte EU-kommisjonen rapportar om gass- og straummarknadene for fjerde kvartal 2024. Rapporten om straum viser mellom anna at den installerte kapasiteten for fornybar energi auka med 59 gigawatt i 2024 (derav 46 GW solkraft, 11 GW vindkraft på land og 2,5 GW vindkraft til havs). I rapporten om gass kjem det fram at etterspurnaden etter gass auka med 8 prosent i fjerde kvartal i fjor, samanlinka med same periode i 2023.
Illustrasjonsbilete frå Pixabay
Parlamentet vil styrke energiintensiv industri
I dag vedtok Europaparlamentet ein resolusjon om energiintensiv industri. Parlamentet ønskjer å auke konkurranseevna til europeisk industri og støttar tiltak for avkarbonisering og reduserte energiprisar. Det peikast mellom anna på viktigheita av elektrifisering og investeringar i straumnettet.
– EU må auke innsatsen for straumnettet
Den europeiske revisjonsretten publiserte tysdag ein rapport om straumnettet i EU. Revisjonsretten skriv at EU må auke innsatsen med å modernisere straumnettet. Planlagde investeringar i nettet skal ikkje vere tilstrekkelege for framtidig straumetterspurnad og for energiomstillinga.
600 millionar euro til grensekryssande prosjekt
EU-kommisjonen har opna ei utlysing på 600 millionar euro til grensekryssande energiprosjekt, under infrastrukturforordninga. Utlysinga er open for prosjekt som er inkludert på den første lista over prosjekt av felles interesse (PCI) og gjensidig interesse (PMI). Nokre av prosjekta på lista har tilknyting til Noreg og norske aktørar.