EU-kommisjonen presenterte tysdag arbeidsprogrammet sitt for 2025, med undertittelen «A bolder, simpler, faster union». Kommisjonen la samstundes fram ei melding om forenkling av regelverk. Sentrale tema i arbeidsprogrammet er konkurransekraft, tryggleik og økonomisk motstandskraft. På energiområdet bekrefter EU-kommisjonen at dei i første kvartal vil leggje fram ein handlingsplan for rimeleg energi og eit vegkart for stans av energiimport frå Russland. Det vert òg planlagt ein kontroll av arkitekturen for energitryggleik. I tillegg kjem eit forslag til oppdatering av EU si klimalov, med mål om 90 prosent utsleppskutt innan 2040.
EU-kommissær for handel og økonomisk tryggleik, Maroš Šefčovič, presenterte tysdag arbeidsprogrammet i Europaparlamentet. Foto: Alain Rolland, EU
Baltikum synkronisert med det europeiske nettet
Straumnetta i Estland, Latvia og Litauen vart 9. februar synkroniserte med det kontinentale europeiske straumnettet, via Polen. Dei tre EU-landa er dimed ikkje lenger avhengige av tilknyting til straumnetta i Russland og Belarus, som dei no har kopla seg frå. EU-kommisjonen seier at prosjektet har vore ein høg prioritet i over 15 år, og peikar på at samankoplinga vil bidra til auka energitryggleik.
Tiårsplan for nettutvikling på høyring
Det europeiske nettverket for transmisjonssystemoperatørar for elektrisitet (ENTSO-E) har nyleg lagt fram eit utkast til tiårsplan for nettutvikling. I planen visast det til kva investeringar som vert nødvendige for å oppnå EU sine energi- og klimamål, og som samstundes vil redusere kostnadar på systemnivå. Utkastet til tiårsplan er no på høyring, med frist for innspel 14. mars.