1. januar tok Kypros over formannskapet i Rådet for første halvår av 2026, under mottoet «Ein autonom union. Open for verda». På energifeltet er viktige prioriteringar å forbetre nettinfrastrukturen, styrkje mellomlandsforbindingar og utvikle løysingar for energilagring. Formannskapet vil fremje forhandlingar om den europeiske nettpakka («European grids package») og om den kommande revideringa av rammeverket for forsyningstryggleik. Digitalisering, kunstig intelligens og cybertryggleik i energisektoren vil òg vere tema for diskusjon, i tillegg til energiprisar (sjå programmet s. 43–44).
Kypros sin president Nikos Christodoulides under opningsseremonien for formannskapet (Foto: Cyprus Presidency of the Council of the EU 2026)
Framdrift i straumsamtalar mellom EU og Storbritannia
EU-kommisjonen og Storbritannia har gjennomført samtalar om britisk deltaking i EU sin indre elektrisitetsmarknad. Dette går fram av eit dokument publisert 22. desember 2025. Her blir det slått fast at begge partar har interesse av eit nært samarbeid om elektrisitet, og at det blir arbeidd for å inngå ei avtale om britisk deltaking i den indre elmarknaden. Dette er ei oppfølging av toppmøtet mellom EU og Storbritannia i London 19. mai 2025.
Rapport med vurdering av energitryggleiken i Europa
EU-kommisjonen publiserte førre veke ein «fitness check report» som del av ein breiare gjennomgang av rammeverket for forsyningstryggleiken. Rapporten dekker perioden 2017 til 2024 og gjer ei konkret vurdering av forordninga om forsyningstryggleik for gass frå 2017 og forordninga om beredskap for elektrisitet frå 2019. EU-kommisjonen planlegg å fremje forslag til revidert regelverk i første halvdel av 2026.
Kvartalsrapportar om gass og straum
I dag publiserte EU-kommisjonen rapportar om gass- og straummarknadene i andre kvartal 2025.
Høyring av EUs nettpakke
Energidepartementet har sendt to regelverksforslag knytt til «European Grids Package» på høyring i Noreg. Den norske høyringsfristen er 17. februar.