Von der Leyen deltok på toppmøte om fornybar energi
EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen, har denne veka deltatt på FN si høgnivåveke i New York. Måndag deltok ho òg på toppmøtet «Global Renewables Summit». Der peika ho på at det i fjor vart investert nærmare to billionar euro i rein energi på verdsbasis. Ho understreka at rein energi ikkje berre handlar om å møte klimaendringane, men òg om tryggleik og velstand. Von der Leyen tala om energiomstillinga i Europa, og viste mellom anna til at halvparten av straumen no kjem frå fornybare energikjelder. Hu løfta fram viktigheita av internasjonale partnarskap og understreka behovet for å styrkje det globale samarbeidet om energiomstilling.
I New York vart det òg lagt fram ei felles fråsegn om ei rettvis energiomstilling, underteikna av EU-kommisjonen ved Ursula von der Leyen, og ei rekkje land, deriblant Noreg.
Ursula von der Leyen tala under «Global Renewables Summit» i New York. Foto: Dati Bendo, EU
76 millionar euro til grensekryssande energiprosjekt
EU-kommisjonen kunngjorde denne veka ei tildeling på 76,3 millionar euro til tre prosjekt gjennom programmet «Connecting Europe Facility». Prosjekta skal, ifølgje Kommisjonen, fremje grensekryssande samarbeid innan fornybar energi og bidra til utbreiinga av reine energiløysingar i Europa. Støtta går til prosjekt mellom Polen og Tyskland (fjernvarme), Estland og Latvia (vindkraft på land), og Estland og Luxembourg (vindkraft til havs).
Energikomiteen drøfta modernisering av straumnettet
Energikomiteen i Europaparlamentet drøfta måndag korleis verdikjedene kan styrkast for å modernisere straumnettet i Europa (sjå opptak). EU-kommisjonen var representert ved visegeneraldirektør i DG energi, Mechthild Wörsdörfer. Ho peika på behovet for auka investeringar for å sikre eit meir motstandsdyktig og effektivt straumnett. Wörsdörfer sa at det er avgjerande å både utnytte det eksisterande nettet betre og samstundes byggje ut ny infrastruktur.