Vegkart for digitalisering og kunstig intelligens på energiområdet
EU-kommisjonen la onsdag fram eit strategisk vegkart for digitalisering og kunstig intelligens på energiområdet. Vegkartet blei lagt fram som ein del av ei ny europeisk pakke for teknologisk suverenitet («European Technological Sovereignty Package»). Kommisjonen understrekar at behovet for teknologisk sjølvstende på energiområdet er større enn nokon gong. Det vert peika på at energisystemet krev meir digitalisering i lys av auka energiprisar og geopolitiske spenningar. Digitale løysingar skal mellom anna gjere det lettare for forbrukarar å tilpasse straumforbruket, betre energieffektivisering i industrien og gi betre styring av straumnettet i sanntid. Vegkartet byggjer på tre pilarar: (1) berekraftig og transparent integrering av datasenter i energisystemet, (2) eit «smartare» energisystem gjennom auka bruk av digitale løysingar og kunstig intelligens, og (3) utvikling av eit rammeverk for enklare og meir effektiv deling av data på tvers av medlemslanda.
Vegkartet blei presentert av energikommissær Dan Jørgensen og visepresident i EU-kommisjonen, Henna Virkkunen, onsdag 3. juni (Foto: Lukasz Kobus, European Commission 2026).
La fram rapport om gassmarknaden
EU-kommisjonen etablerte i februar 2025 «Gas Market Task Force» med mandat til å gjennomføre ei omfattande vurdering av gass- og gassderivatmarknadene. Gruppa har bestått av representantar frå EU-kommisjonen, EU sitt energibyrå, ACER, og Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita, ESMA. Denne veka la gruppa fram rapporten sin og konkluderer med at marknadene i hovudsak fungerer godt. Samstundes har gruppa identifisert fleire tiltak som kan styrkje overvakinga av marknadene og bidra til betre marknadsfunksjon.
Ribera og Jørgensen besøkte Finland
Denne veka var visepresident i EU-kommisjonen Teresa Ribera og energikommissær Dan Jørgensen på besøk i Helsinki. Ribera hadde møte med Finland sin president Alexander Stubb og statsminister Petteri Orpo. Jørgensen møtte mellom andre klima- og miljøminister Sari Multala. Tema for diskusjonane var elektrifisering, energitryggleik, rimelege energiprisar og konkurranseevne. Begge deltok òg på konferansen «Power Summit 2026», som vart arrangert av bransjeorganisasjonen Eurelectric.
Europeisk veke for berekraftig energi
Neste veke, frå 9. til 11. juni, finn «European Sustainable Energy Week» stad i Brussel, arrangert av EU-kommisjonen. Det vil vere mogleg å følgje konferansen på nett.