Energi var eit sentralt tema under møtet i Det europeiske råd som fann stad i Brussel 19.–20. mars. EU-leiarane tok til orde for styrkt energiuavhengnad, reduserte energiprisar og meir eigenprodusert energi i Europa. Energiomstillinga vart framheva som den mest effektive strategien for å sikre europeisk strategisk autonomi og lågare energiprisar. EU-leiarane understreka samstundes behovet for energipristiltak på kort sikt. Kommisjonen vart difor oppmoda til å presentere ei «verktøykasse» med målretta og mellombelse tiltak mot dei auka energiprisane, med særleg fokus på straumprisane. Kommisjonen vart òg beden om å utforme eit forslag til revidert kvotehandelssystem (ETS) innan juli, for å redusere volatiliteten i karbonprisen og dempe innverknaden på straumprisane. I tillegg vart Rådet og EU-parlamentet bedne om å arbeide for å oppnå semje om nettpakka («European grids package») innan utgangen av året.
EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen, og presidenten for Det europeiske råd, António Costa, heldt ein pressekonferanse i samband med toppmøtet (Foto: European Union)
Høyringar om energirammeverk etter 2030
EU-kommisjonen har opna høyringar om rammeverka for fornybar energi og energieffektivisering for tiåret etter 2030. Kommisjonen planlegg å fremje reviderte lovforslag om fornybar energi og energieffektivisering innan utgangen av året, og innspela frå høyringane vil inngå i Kommisjonen sitt arbeid med å førebu desse forslaga. Fristane for innspel er 16. april og 12. juni.
EU-kommisjonen manar til vinterberedskap
I lys av volatiliteten i den globale energimarknaden som følgje av situasjonen i Midtausten, oppmodar Kommisjonen medlemslanda til å starte tidleg og koordinert fylling av gasslager. Energikommissær Dan Jørgensen understrekar at dette er avgjerande for å styrkje beredskapen før neste vinter.
Rapport om straumbrotet i Spania og Portugal
Ein endeleg rapport om straumbrotet i Spania og Portugal 28. april 2025 blei publisert 20. mars. Rapporten konkluderer med at straumbrotet var resultat av ei rekkje samanverkande faktorar. Det vert presentert tilrådingar for å førebyggje liknande hendingar i framtida. Rapporten er utarbeidd av eit ekspertpanel som vart nedsett av ENTSO-E, det europeiske nettverket for transmisjonssystemoperatørar for elektrisitet.