Møte mellom energiministeren og EU sin energikommissær
Fredag 11. april møtte energiminister Terje Aasland energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen i København. Blant temaa dei diskuterte var elektrisitet, karbonfangst og -lagring (CCS), forsyningstryggleik for gass, og dei neste stega for energidialogen mellom EU og Noreg. Sjå innlegg på X frå Noreg sin delegasjon til EU.
EU sin energikommissær Dan Jørgensen og Noreg sin energiminister Terje Aasland (Foto: Energidepartementet)
Støttar vidareføring av reglar for gasslagring
Rådet kom 11. april til semje om ein forhandlingsposisjon om vidareføring av gasslagerforordninga med to år. Energikomiteen i Europaparlamentet vedtok sin posisjon i dag, 24. april. I mai vil Europaparlamentet røyste over posisjonen i plenum. Deretter vil Rådet og Europaparlamentet byrje forhandlingar om saka.
ESA: uttale om CO2-lagring og godkjenning av flytande havvind
I dag vart det halde innspelsmøte om EU sin «Clean Industrial Deal», arrangert av Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet, Energidepartementet og Utanriksdepartementet. Møtet kan sjåast i opptak.