EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen heldt onsdag si årlege tale om «unionen sin tilstand» i Europaparlamentet. I tala varsla ho eit nytt initiativ kalla «Energy Highways». EU-kommisjonen peikar på åtte flaskehalsar der dei vil arbeide for styrkt infrastruktur. Von der Leyen understreka at initiativet blir viktig for reduserte energiprisar og for energitryggleiken i Europa. Ho omtala mellom anna òg arbeidet med utfasing russisk energi, behovet for meir fornybar energi og kjernekraft som grunnlast, og nemnde den kommande pakka for straumnettet («grids package»).
EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen heldt onsdag tale i Europaparlamentet. Foto: Dati Bendo, EU
Norsk deltaking på møte med EU sine energiministrar
Statssekretær Astrid Bergmål frå Energidepartementet representerte Noreg under EU sitt uformelle energiministermøte i København førre veke. Møtet samla europeiske energiministrar til diskusjonar om energisystemet etter 2030, «energi i ei digital framtid» og Europa sin energiinfrastruktur.
Under møtet vart det signert ei intensjonsavtale mellom Finland og Noreg. Avtala legg til rette for grensekryssande transport av CO2 for permanent lagring i Noreg.
I tillegg la Noreg, Sverige og Finland fram eit felles innspel til EU-kommisjonen. Dei tre landa understreka behovet for meir fornybar energi, tilstrekkeleg regulerbar kraft og effektive prisområde i medlemslanda. Innspelet vart overlevert til EU sin energikommissær Dan Jørgensen.
Dan Jørgensen møtte USA sin energiminister
Torsdag møtte EU sin energikommissær Dan Jørgensen USA sin energiminister Chris Wright i Brussel. I eit innlegg på X skriv Jørgensen at dei hadde eit godt møte og at dei vil arbeide for å styrke energisamarbeidet, støtte Ukraina og gjennomføre utfasinga av russisk energi så raskt som mogleg. Wright uttala til pressa at USA kan levere meir energi til Europa for å erstatte russiske energileveransar.