Fredag 26. juni møttest EU sine energiministrar i Luxembourg. Hovudsaka for møtet var den europeiske nettpakka («European Grids Package»), som inkluderer forslag til revidert forordning om transeuropeisk energiinfrastruktur og til direktiv om raskare godkjenningsprosedyrar. Ministrane vart samde og vedtok rådsposisjonar til begge sakene. Dermed er Rådet klart for trilogforhandlingar med Europaparlamentet.
Under ministermøtet var det òg diskusjon om korleis energirammeverket etter 2030 bør sjå ut, for å bidra til å nå klimamålet for 2040 (90 prosent utsleppskutt samanlikna med 1990-nivået). Innspela frå ministrane vil bli vurderte av EU-kommisjonen i det vidare arbeid med framlegg til energi- og klimarammeverket etter 2030.
På dagsordenen stod òg situasjonen i Midtausten og Hormuzstredet, og korleis utviklinga påverkar dei globale energimarknadene. Ministrane drøfta følgjene for tilgangen og prisane på olje, gass og flydrivstoff. Dei tok òg opp koordinering og korleis EU kan førebu seg dersom krisa vert langvarig.
Under andre saker vart metanforordninga teken opp. 17 land stilte seg bak eit felles innspel om forordninga si innverknad på energitryggleiken i EU. Dei viste til den geopolitiske situasjonen og uro i dei globale energimarknadene, og åtvara mot at forordninga kan avgrense tilgangen på olje og gass frå ulike kjelder. Landa oppmoda difor om å utsetje enkelte krav i forordninga med tre år.
Vidare var det mellom anna ein diskusjon om elektrifisering, og Irland orienterte om prioriteringane for formannskapet sitt i Rådet.