Fredag 26. juni møtest EU sine energiministrar i Luxembourg. Hovudtema for møtet vil vere den europeiske nettpakka («European Grids Package»). Rådsformannskapet tek sikte på å oppnå semje om pakka, som inkluderer forslaget om revisjon av infrastrukturforordninga (TEN-E) og forslaget til direktiv om godkjenningsprosedyrar. Vidare vil det vere drøftingar om utforminga av energirammeverket etter 2030, samt koordinering og respons i lys av situasjonen i Midtausten og Hormuzstredet.
Illustrasjonsbilete frå Pixabay
Lanserte initiativ for energisamarbeid med middelhavsland
EU-kommisjonen lanserte 9. juni eit initiativ for styrkt energisamarbeid med tredjeland ved Middelhavet («Trans-Mediterranean Renewable Energy and Clean Tech Cooperation, T-MED»). Samarbeidet skal omfatte fornybar energi, hydrogen, produksjon av reine teknologiar og modernisering av straumnett. Initiativet vart presentert av energikommissær Dan Jørgensen og kommissær for Middelhavet, Dubravka Šuica. Initiativet har som mål å mobilisere 25 milliardar euro innan 2035 og bidra til utvikling av 15 gigawatt fornybarkapasitet innan same år. Samstundes skal ein styrkje samarbeid om regelverk og utvikling av kompetanse.
Kommande framlegg frå EU-kommisjonen
EU-kommisjonen planlegg å fremje eit forslag om forenkling av regelverket for energiprodukt 24. juni. Vidare er det varsla ein handlingsplan for elektrifisering 15. juli, saman med eit framlegg om nettariffar. Same dag ventast òg eit forslag til revisjon av EU sitt kvotehandelssystem, ETS.
Sjå opptak: Europeisk veke for berekraftig energi
Førre veke «European Sustainable Energy Week» stad i Brussel (9.–11. juni), arrangert av EU-kommisjonen. Det er no mogleg å sjå opptak av konferansen.