Energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen stilte i dag til utspørjing i EU-parlamentet sin energikomité (ITRE). Jørgensen orienterte om EU-kommisjonen sine prioriteringar på energiområdet og om komande initiativ. Han la særleg vekt på betydinga av å styrkje EU sin energiunion. Han peika på behovet for store investeringar i infrastrukturen for elektrisitet, og at ein samstundes må sørgje for betre utnytting av eksisterande infrastuktur. Jørgensen viste til at utbygginga av fornybar energi går raskare enn nokon gong (78 gigawatt i fjor), men at utviklinga ikkje går raskt nok. Meir fornybar energi vert viktig for redusert energiavhengnad, auka konkurranseevne og for å få ned energiprisane. Seansen kan sjåast i opptak.
Energi- og bustadkommissær Jørgensen i EU-parlamentet torsdag 20. februar (faksimile av videoopptak)
EU, IEA og NATO diskuterte energitryggleik
Energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen møtte onsdag NATO sin generalsekretær Mark Rutte, saman med leiaren for Det internasjonale energibyrået (IEA), Fatih Birol. Dei diskuterte mellom anna cybertryggleik, kritisk infrastruktur og energiprisane. Rutte sa at NATO framover vil styrkje kontakten mot EU, IEA og med energiindustrien.
Semje om nye sanksjonar
EU-landa har blitt samde om ei 16. pakke med sanksjonar mot Russland. Blant tiltaka er forbod mot import av aluminium og ei utviding av sanksjonane mot den russiske «skyggeflåten». Det er venta at Rådet formelt vil vedta sanksjonspakka måndag neste veke.
«Clean Industrial Deal» kjem neste veke
Onsdag neste veke vil EU-kommisjonen presentere initiativet «Clean Industrial Deal», i tillegg til ein «handlingsplan for rimeleg energi» og dei to første forslaga i ein serie forslag for forenkling av regelverk («omnibus»).
Avgjerd om prissikring i kraftmarknaden mellom Noreg og Nederland
EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, fatta førre veke ei avgjerd knytt til moglegheitene for prissikring i kraftmarknaden mellom Noreg og Nederland.