I dag publiserte det europeiske nettverket for transmisjonssystemoperatørar for gass (ENTSOG) ein rapport om gassforsyningssituasjonen for perioden 1. oktober 2025 til 31. mars 2026. Rapporten vurderer ulike scenario for forsyningar, infrastruktur og beredskap, og viser at EU er godt førebudd på den kommande vintersesongen. ENTSOG framhevar at gasslagring spelar ei avgjerande rolle for forsyningstryggleiken.
Illustrasjonsbilete. Foto: Yorgos Karahalis, EU
Høyring om CO2-marknader og infrastruktur
EU-kommisjonen opna denne veka ei høyring om CO2-marknader og transportinfrastruktur. Kommisjonen vil leggje fram eit lovforslag med tilhøyrande konsekvensutgreiing i tredje kvartal 2026. Fristen for innspel til høyringa er 9. januar 2026.
Statusrapportar for energi, klima og miljø
Spesialutsending for energi ved Noreg sin delegasjon til EU, Johan Vetlesen, samanfattar den siste utviklinga på energifeltet i EU i ein statusrapport for 2025. Les òg spesialutsending for klima, Thea Hellenes Ekre, og spesialutsending for miljø, Birthe Ivars, sin rapport om den siste utviklinga på klima- og miljøfeltet.
Bygningsenergidirektivet frå 2024 på høyring
Energidepartementet har sendt EU sitt bygningsenergidirektiv frå 2024 på høyring i Noreg. Departementet ber om innspel innan 5. januar 2026.