Onsdag 22. april la EU-kommisjonen fram energimeldinga «AccelerateEU». Meldinga er eit svar på oppmodinga frå Det europeiske råd 19. mars om å leggje fram ei «verktøykasse» med tiltak for å møte dei høge prisane på importert energi som følgje av krisa i Midtausten. Kommisjonen peiker på at den geopolitiske situasjonen er ei tydeleg påminning om kor avgjerande det er å få fart på energiomstillinga, både av økonomiske og tryggleiksomsyn. «AccelerateEU» har fem sentrale tiltaksområde: (1) Styrkt koordinering mellom medlemslanda, mellom anna når det gjeld gasslagring og trekk i oljelager. (2) Vern av forbrukarar og industri mot høge prisstoppar. Kommisjonen vil assistere medlemslanda i utforminga av mellombelse og målretta tiltak. (3) Auka tempo i overgangen til rein, eigenprodusert energi og elektrifisering. Kommisjonen planlegg mellom anna å leggje fram ein handlingsplan med eit eige mål for elektrifisering. (4) Eit styrkt energisystem. Kommisjonen oppmodar om rask handsaming av nettpakka («European Grids Package») og understrekar viktigheita av rask og omfattande implementering av eksisterande energilovgjeving. (5) Auka investeringar i energiomstillinga. Her peiker Kommisjonen på betre utnytting av offentlege midlar og mobilisering av privat kapital.
Energisituasjonen og «AccelerateEU» er mellom sakene som vert diskuterte av EU-leiarane under toppmøtet som finn stad på Kypros denne veka (23.–24. april).
Meldinga «AccelerateEU» blei presentert av EU-kommisjonen 22. april (foto: Dati Bendo, EU)
Rådskonklusjonar om energi- og klimadiplomati
Det europeiske råd vedtok 21. april konklusjonar om energi- og klimadiplomati. Det vert peika på at risikoar for energitryggleiken og klimaendringane undergrev EU sin suverenitet. EU ønskjer difor, mellom anna, å styrkje og etablere nye gjensidige partnarskap for å fremje global energiomstilling og motstandskraft.
Status for REPowerEU etter fire år
EU-kommisjonen har publisert ei statusoppdatering om «REPowerEU»-planen, fire år etter lanseringa i 2022, med landspesifikke rapportar for kvart medlemsland. Kommisjonen peiker mellom anna på at russisk gass gjekk frå å utgjere 45 prosent av EU sin gassimport i 2022 til 12 prosent i 2025.
Tilråding om kraftkjøpsavtaler
EU-kommisjonen publiserte onsdag ei tilråding («recommandation») om å redusere hinder og legge til rette for utviklinga av kraftkjøpsavtaler (PPA-er) og andre energikjøpsavtaler.