Ny EU-strategi: ein global visjon for klima og energi
EU-kommisjonen la i dag fram ein ny strategi som presenterer EU sin globale visjon for klima og energi. Strategien byggjer på EU-kommisjonen sin «Clean Industrial Deal», og skal bidra til å sikre europeisk konkurranseevne i globale marknader og framskunde den reine omstillinga. EU ønskjer å styrke internasjonale partnarskap, verne om eigne kjerneinteresser, fremje globale standardar for ei rettvis omstilling, og styrke evna til å møte tryggleikstruslar. Strategien inneheld mellom anna tiltak for korleis selskap i EU kan dra nytte av vaksande globale marknader for rein teknologi.
EU-kommisjonen presenterer strategien. Foto: Aurore Martignoni, EU 2025
EU-parlamentet med posisjon på lovforslag om russisk energi
EU-parlamentet vedtok i dag sin posisjon på lovforslaget frå mai om utfasing av russisk energiimport («REPowerEU»). Vedtaket blei fatta i eit felles møte mellom handelskomiteen (INTA) og energikomiteen (ITRE). Komiteane vedtok samstundes å opne for forhandlingar om saka med Rådet.
Energiministermøte neste veke
Måndag neste veke møtest EU sine energiministrar i Luxembourg. Ministrane tek sikte på å oppnå semje i Rådet om lovforslaget frå mai om utfasing av russisk energiimport («REPowerEU»). Det vil bli diskusjon om elektrifisering, sett i lys av europeisk konkurranseevne og behovet for ei rein omstilling. På dagsordenen står òg energitryggleik og motstandsdyktigheit i Ukraina og Moldova.
Arbeidsprogram for 2026 neste veke
EU-kommisjonen planlegg å publisere arbeidsprogrammet sitt for 2026 tysdag neste veke, ifølge Kommisjonen si oversikt over kommande initiativ.