EU-kommisjonen har vedteke eit mellombels rammeverk for statsstøtte for å møte dei økonomiske konsekvensane av krisa i Midtausten («The Middle East crisis temporary state aid framework»). Rammeverket skal hjelpe medlemslanda med å handtere verknadene av krisa for nokre av dei mest utsette delane av økonomien: landbruk, fiskeri, transport og energiintensiv industri. Ordninga opnar mellom anna for støtte retta mot prisauken på drivstoff, og vil gjelde fram til utgangen av 2026.
Visepresident i EU-kommisjonen, Teresa Ribera, understreka at energiomstillinga er den mest effektive strategien for å skjerme europeiske verksemder mot globale energisjokk, men at den kraftige auken i energiprisane krev målretta tiltak på kort sikt, noko det nye rammeverket skal bidra til.
Visepresident i EU-kommisjonen, Teresa Ribera, presenterte «METSAF» onsdag 29. april (Foto: Lukasz Kobus, EU)
Debatt om Midtausten og energiprisar i Europaparlamentet
Under plenumsmøtet i Europaparlamentet i Strasbourg denne veka vart det halde ein debatt om situasjonen i Midtausten og innverknaden for energiprisane. EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen, deltok i debatten og understreka behovet for ein varig slutt på krigen. Ho peikte på at krigen truleg vil få langvarige konsekvensar for energiområdet, som kan strekke seg over fleire månadar og år. Von der Leyen viste til at medlemsland med meir lågkarbon energi i energimiksen har vore mindre råka av krisa, og trekte fram Sverige som eit døme. Klikk her for å sjå debatten i opptak.
Tilrådingar for styrkt forbrukarvern
EU-kommisjonen presenterte denne veka fire tilrådingar knytt til energipakka for innbyggarar («Citizens Energy Package»). Tilrådingane skal bidra til vern dei mest sårbare kundane, sikre konkurransedyktige sluttbrukermarknader, hjelpe forbrukarar med å ta informerte val og støtte utviklinga av lokale energifellesskap.