– Godt på veg til å nå energi- og klimamåla for 2030
Onsdag 28. mai la EU-kommisjonen fram ei melding om EU sine energi- og klimamål for 2030. Kommisjonen har vurdert EU-landa sine nasjonale energi- og klimaplanar og slår fast at EU per no er i rute til å redusere klimagassutsleppa med 54 prosent innan 2030, samanlikna med nivåa i 1990. Dette vil føresette at medlemslanda fullt ut implementerer eksisterande og planlagde nasjonale tiltak så vel som EU-tiltak. Kommisjonen skriv at EU er godt på veg til å nå målet på 55 prosent. I meldinga kjem det fram at fornybarmålet på 42,5 prosent òg er innan rekkevidde, men at det vil krevje ytterlegare innsats for å nå målet for energieffektivisering på 11,7 prosent.
EU-kommisjonen presenterte 28. mai meldinga om nasjonale energi- og klimamål. Foto: Christophe Licoppe, EU
Rapport om kraftsituasjonen til sommaren
ENTSO-E, det europeiske nettverket for transmisjonssystemoperatørar for elektrisitet, publiserte førre veke ein rapport om utsiktane for kraftsituasjonen denne sommaren («Summer Outlook 2025»). ENTSO-E slår fast at det generelt sett ikkje er nokon risiko for forsyningstryggleiken.
Vedtok resolusjon om «Clean Industrial Deal»
EU-parlamentet sin energikomité (ITRE) vedtok tysdag ein resolusjon i respons til EU-kommisjonen sin «Clean Industrial Deal». Parlamentet vil etter planen vedta resolusjonen i plenum under eit komande møte.
Forslag til ny klimalov kjem i juli
EU-kommisjonen vil 2. juli legge fram eit lovforslag med klimamål for 2040. Dette kjem fram i Kommisjonen sin kalender som vart oppdatert tysdag.