EU-kommisjonen la onsdag fram ei oversikt over nasjonale tiltak som EU-landa har sett i verk sidan 28. februar, i lys av den globale energisituasjonen. Dette er ei oppfølging av energimeldinga «AccelerateEU», som vart lagt fram 22. april. Oversikta omfattar tiltak for vern av forbrukarar, verksemder og industri. Kommisjonen skriv at oversikta er utarbeidd til informasjonsføremål, mellom anna for å bidra til betre samordning mellom EU-landa, men at dei ikkje har gjort ei vurdering av dei enkelte tiltaka. Oversikta kjem i tillegg til ein katalog over bestepraksistiltak som Kommisjonen publiserte førre veke.
Illustrasjonsbilete frå Pixabay
Noreg deltok på uformelt energiministermøte
Statssekretær Snorre Erichsen Skjevrak deltok 12. og 13. mai på EU sitt uformelle energiministermøte i Nikosia på Kypros. Hovudtemaa for møtet var energimeldinga «AccelerateEU», elektrifisering og energilagring, samt energitryggleik og europeisk produksjon av naturgass. Les meir her.
Møte i oljekoordineringsgruppa
Måndag 18. mai vart det halde eit møte i oljekoordineringsgruppa, med deltaking frå EU-kommisjonen, EU-landa, Det internasjonale energibyrået (IEA), NATO og representantar frå oljeindustrien. I møtet tok dei opp forsyningstryggleiken for olje i Europa, og drøfta korleis ein best kan samordne innsatsen på EU-nivå dersom situasjonen i Midtausten, særleg i Hormuzstredet, held fram inn i juni.
EU-konferanse om energiinfrastruktur
I dag og i morgon (21.–22. mai) finn det årlege Energy Infrastructure Forum stad i København. Konferansen blir arrangert av EU-kommisjonen og det danske klima-, energi- og forsyningsdepartementet. Det er mogleg å følgje delar av møtet på nett.