Måndag 16. mars møttest EU sine energiministrar i Brussel. Møtet vart leia av det kypriotiske EU-formannskapet ved energiminister Micheal Damianos. Øvst på dagsordenen stod den europeiske nettpakka («European Grids Package»), inkludert forslaget om revidering av infrastrukturforordninga og direktivet om meir effektive konsesjonsprosedyrar, som EU-kommisjonen la fram i desember. Ministrane drøfta òg handlingsplanen for rimeleg energi («Action Plan for Affordable Energy») og vurderte energiprisutviklinga i lys av situasjonen i Midtausten. Eit anna sentralt diskusjonstema var energitryggleik, med deltaking av energiministrane frå Ukraina og Moldova. Vidare drøfta ministrane investeringar i rein energi saman med representantar frå ACER og Den europeiske investeringsbanken. I tillegg var det utvekslingar om oljerøyrleidninga Druzhba og om rammeverket for finansiering av kjernekraft. I etterkant av møtet heldt energikommissær Dan Jørgensen og energiminister Damianos ei felles pressekonferanse (sjå opptak).
Energikommissær Dan Jørgensen og Kypros sin energiminister Micheal Damianos heldt ein pressekonferanse i etterkant av energiministermøtet 16. mars (foto: EU)
Energi høgt på dagsordenen for EU-toppmøte
Energiprisane og energitryggleik står høgt på dagsordenen under møtet i Det europeiske råd som finn stad i Brussel i dag og i morgon (19.–20. mars). EU-leiarane diskuterer mellom anna konsekvensane av situasjonen i Midtausten for energiprisane og energitryggleiken i Europa.
Brev frå energiministeren om EU si nettpakke
Energiminister Terje Aasland sende 12. mars eit brev til energikommissær Dan Jørgensen om EU si nettpakke («European Grids Package»). Klikk her for å lese brevet på regjeringa.no.
Nye tal for EUs energiimport
Nye tal frå Eurostat viser at EU hadde ein samla importavhengnad på 57 prosent av det totale energibehovet i 2024. Eurostat understrekar at det er stor variasjon mellom EU-landa i graden av energiimport.
Ledige stillingar: EØS-midla
Sekretariatet for EØS-midla (Financial Mechanism Office) har lyst ut fleire stillingar i Brussel innan grøn omstilling, grønt næringsliv, samt forsking og innovasjon.