23.–24. april vert det arrangert eit uformelt møte i Det europeiske råd i Nicosia på Kypros. Situasjonen i Midtausten og konsekvensane for energiområdet vil vere sentrale tema i møtet. EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen, varsla denne veka at Kommisjonen planlegg å presentere ei energimelding 22. april, som skal drøftast av EU-leiarane under toppmøtet. Meldinga vil innehalde forslag til grep for styrkt koordinering mellom medlemslanda, mellom anna når det gjeld gasslagring og trekk i oljelager, vern mot høge energiprisar og reduksjon i etterspurnaden etter energi. Von der Leyen nemnde òg tiltak retta mot dei ulike kostnadselementa i energirekningar, og viste i den samanheng til at Kommisjonen vil fremje lovforslag om elektrisitetsskattar og nettleige i mai. Ho oppmoda òg om raskare handsaming av nettpakka («European Grids Package»). Von der Leyen la vekt på at eigenprodusert, rimeleg og stabil energi er avgjerande for uavhengnaden og energitryggleiken i Europa.
EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen, møtte pressa 13. april (Foto: Dati Bendo, European Commission)
Nye reglar om byte av straumleverandør
Kommisjonen har vedteke ei gjennomføringsforordning under elmarknadsdirektivet for å redusere tida det tek å byte straumleverandør til under 24 timar innan utgangen av 2026. Dette er ei oppfølging av «Citizens Energy Package», som vart lagt fram av Kommisjonen i mars.
Europeisk veke om berekraftig energi
EU-kommisjonen har opna for påmelding til «European Sustainable Energy Week», som finn stad i Brussel og på nett 9.–11. juni.