Denne veka, 4.–5. november, møttest EU sine klima- og miljøministrar i Brussel. Ministrane vart samde om ein rådsposisjon om endring av EU si klimalov, med eit klimamål for 2040: 90 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2040, samanlikna med nivåa i 1990. Dette byggjer på dei eksisterande måla om 55 prosent utsleppskutt innan 2030 og netto nullutslepp innan 2050. For å nå klimamålet vil det på ulike vis bli lagt opp til meir fleksibilitet enn tidlegare. Forhandlingar om saka mellom Rådet og Europaparlamentet vil starte etter at parlamentet har vedteke sin posisjon.
EU sine klima- og miljøministar møttest i Brussel 4.–5. november (Foto: European Union).
Statusrapport om energiunionen
I dag publiserte EU-kommisjonen sin årlege rapport om EU sin energiunion («State of the Energy Union Report 2025»). Rapporten gir ei oversikt over utviklinga av energiregelverk, framdrifta med energiomstillinga og arbeidet med å styrke energitryggleiken. Kommisjonen publiserte òg ein rapport om status for klimaarbeidet («Climate Action Progress Report 2025»).
Ministermøte i Nordsjøsamarbeidet
Denne veka, 5.–6. november, blei det halde ministermøte i Nordsjøsamarbeidet (NSEC) i Oostende i Belgia. NSEC er eit samarbeid for utvikling av havvind og tilhøyrande infrastruktur i Nordsjøen. På møtet blei det markert at samarbeidet har eksistert i 15 år, og det blei publisert ei felles fråsegn. Frå Noreg deltok statssekretær Marte Haabeth Grindaker.
Støtte frå Innovasjonsfondet til prosjekt i Noreg
EU-kommisjonen kunngjorde måndag resultata frå den siste utlysinga i EU sitt innovasjonsfond. Totalt blir det tildelt 2,9 milliardar euro til 61 prosjekt innan nullutsleppsteknologi i Europa, deriblant fem i Noreg. Tildelinga omfattar mellom anna prosjekt innan fornybar energi, energilagring og karbonhandtering.