Måndag denne veka møttest EU sine energiministrar i Brussel. Energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen deltok i ein diskusjon om EU-kommisjonen sin handlingsplan for rimeleg energi («Action plan for affordable energy»), som vart lagt fram 26. februar. Ministrane diskuterte òg energitryggleik, vinterberedskap og kritisk infrastruktur. Den ukrainske energiministeren orienterte om energisituasjonen i Ukraina. Direktøren for EU sitt energibyrå (ACER) informerte om utviklingane i straum- og gassmarknadene.
Energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen og Polen sin klima- og miljøminister Paulina Hennig-Kloska heldt ein pressekonferanse i etterkant av energiministermøtet (Foto: European Union)
La fram handlingsplan for stål og metall
EU-kommisjonen la onsdag fram ein handlingsplan for å styrke den europeiske stål- og metallindustrien. Handlingsplanen byggjer på «Clean Industrial Deal» og skal bidra til å sikre konkurranseevna og framtida til industrien. «Europa må redde stålindustrien sin», uttala visepresident Stéphane Séjourné i samband med framlegginga. Høge energiprisar er blant dei sentrale utfordringane. Difor vert det viktig med rimeleg og sikker tilgang til energi.
Parlamentarikarar vil styrke energiintensiv industri
Europaparlamentet sin energikomité (ITRE) vedtok tysdag ein resolusjon om energiintensiv industri. Komiteen føreslår flere tiltak for å auke konkurranseevna og sikre ei kostnadseffektiv avkarbonisering av industrien. Mellom anna visast det til viktigheita av elektrifisering og investering i nullutsleppsteknologiar. Parlamentet vil røyste over resolusjonen i plenum under eit komande møte.
Rapport om straum- og gassmarknadene
EU sitt energibyrå, ACER, publiserte denne veka sin årlege rapport om sentrale utviklingar i straum- og gassmarknadene («2025 Monitoring Report»). Mellom anna viser rapporten at energiprisane i 2024 var dei lågaste sidan 2021. Samstundes peikast det på at prisane framleis er høge og prega av store variasjonar.