EU-kommisjonen har denne veka føreslått å forlenge gasslagerforordninga med to år, fram til slutten av 2027. Dette vil ifølge Kommisjonen bidra til auka forsyningstryggleik og ein meir stabil gassmarknad. Forordninga inneber eit mål om 90 prosent fyllingsgrad i EU sine gasslager innan 1. november, før vintersesongen. Kommisjonen peiker på at gasslagring kan dekke inntil ein tredel av EU sitt gassbehov om vinteren. Forslaget vil no bli handsama i Europaparlamentet og i Rådet.
Infografikk frå EU-kommisjonen
Planlegg ny runde med felles gassinnkjøp
EU-kommisjonen kunngjorde tysdag at dei 12. mars vil opne ein ny runde med felles gassinnkjøp på EU-nivå (inkludert landa i Energy Community). Denne runden gjeld for gassinnkjøp mellom juli 2025 og oktober 2030. Europeiske selskap vil kunne melde inn interesse og det vil deretter bli lagt til rette for direkte kontakt med internasjonale leverandørar.
Rapport om utviklinga av energiprisane
EU-kommisjonen publiserte førre veke ein rapport om utviklinga av energiprisane og energikostnadane mellom 2010 og 2024.