Rådet med formelt vedtak av utfasing av russisk gass
Måndag gav Rådet si endelege godkjenning til forordninga om utfasing av all gassimport frå Russland. Importforbodet vil gjelde frå og med seks veker etter ikraftsetjing av forordninga. Eksisterande kontraktar vil vere omfatta av ulike overgangsperiodar. Eit fullt forbod mot gassimport vil gjelde frå seinast november 2027. Medlemslanda pliktar å levere nasjonale planar for diversifisering av gassimport og oljeimport innan mars 2026. Forordninga vil no bli publisert i EU-tidende («Official Journal»), og tre i kraft ein dag etter publisering.
Vedtaket vart fatta i Rådet for allmenne saker (General Affairs Council) måndag 26. janaur. Foto: Council of the European Union
Tryggleik og energi var tema for Nordsjøtoppmøte
Landa rundt Nordsjøen er samde om å fortsetje samarbeidet for å auke den fornybare energiproduksjonen. Statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland deltok måndag på eit toppmøte om energisamarbeid i Nordsjøregionen som fann stad i Hamburg i Tyskland. Les meir på regjeringa.no. Energikommissær Dan Jørgensen deltok òg på møtet, sjå EU-kommisjonen si pressemelding her.
Møte under Grøn Allianse
Europakommisjonen og representantar frå norske departement møttest førre veke på Noregs hus i Brussel for å gjere opp status under Grøn Allianse-samarbeidet. Energi, transport, klima og miljø var sentrale tema for møtet. Drøftingane innan energi dreia seg om karbonfangst og ‑lagring, havvind og hydrogen. Grøn Allianse blei underteikna mellom Noreg og EU i 2023.
EU-høyring om kraftkjøpsavtalar
EU-kommisjonen opna denne veka ei høyring om kraftkjøpsavtalar («Power Purchase Agreements»). Fristen for innspel er 20. februar.