Måndag og tysdag (12.–13. mai) deltok energiminister Terje Aasland på EU sitt uformelle energiministermøte i Warszawa i Polen. Energitryggleik og gjenoppbygging av energiinfrastrukturen i Ukraina var sentrale tema for møtet.
I marginane av energiministermøtet møttest ministrane frå austersjølanda innanfor rammene av energisamarbeidet BEMIP. Noreg deltek som observatør. Ministrane underteikna ei intensjonsavtale om tettare samarbeid og sikring av energiinfrastruktur i Austersjøen.
I Warszawa deltok Aasland òg på eit møte med dei nordiske energiministrane, som saman la fram ei felles kunngjering om å styrkje samarbeidet om kraftmarknaden i Norden. Les meir på regjeringa.no.
Energiminister Terje Aasland med energikommissær Dan Jørgensen og ministrane frå austersjølanda (Foto: EU-kommisjonen)
Semje om nye sanksjonar
EU-landa har blitt samde om ei 17. pakke med sanksjonar mot Russland. Blant tiltaka er ei utviding av sanksjonane mot den russiske «skyggeflåten». Det er venta at Rådet formelt vil vedta sanksjonspakka tysdag neste veke. Sjå innlegg på X frå EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen.
Ønskjer oppgradering av straumnettet
Energikomiteen (ITRE) i Europaparlamentet vedtok tysdag ein rapport om det europeiske straumnettet. Parlamentarikarane ønskjer mellom anna betre koordinering i planlegginga av straumnett og etterlyser auka investeringar. Parlamentet vil etter planen behandle saka i plenum under møtet 16.–19. juni.
Høyringar om straumnett
EU-kommisjonen har opna for innspel til utarbeidinga av ei europeisk straumnett-pakke («European grids package»), som vil bli lagt fram seinare i år. Fristen er 8. juli.