«Clean Industrial Deal»: straumnettpakke og fleire tiltak 25. november
EU-kommisjonen publiserte denne veka ei oppdatert oversikt over kommande initiativ. Her går det fram at Kommisjonen 25. november vil leggje fram fire initiativ som del av implementeringa av «Clean Industrial Deal». Dei varsla initiativa er ein strategi for investeringar i rein energi («Clean Energy Investment Strategy»), ei pakke for det europeiske straumnettet («European Grid Package»), ei rettsakt for industriutvikling («Industrial Accelerator Act») og ein strategi for batterisatsing («Battery Booster Strategy»).
Illustrasjonsbilete. Foto: Quique Garcia, EU
Solkraft største straumkjelde for første gong
I juni 2025 var solkraft for første gong den største kjelda til straumproduksjon i EU, ifølgje Eurostat. Solkraft utgjorde 22 prosent av straumen, framfor kjernekraft (21,6 prosent), vindkraft (15,8 prosent), vasskraft (14,1 prosent) og naturgass (13,8 prosent).
Ny tidsintervall i kraftmarknaden
Frå og med 30. september vert prisane i EU sine dagen-før-marknader for kraft («day-ahead markets») berekna kvart 15. minutt, i staden for kvar time. Endringa skal bidra til betre balanse mellom produksjon og etterspurnad, gjere marknaden meir fleksibel og lette integreringa av fornybar energi.
EU-forum om kjernekraft neste veke
6.–7. oktober arrangerer EU-kommisjonen sitt årlege kjernekraftforum i Bratislava, Slovakia. Det vil mellom anna vere fokus på investeringar i kjernekraft og styrking av forsyningskjeder.