EU-kommisjonen kunngjorde tysdag resultata av den andre auksjonen under EU sin hydrogenbank. 15 prosjekt for produksjon av fornybart hydrogen vil bli tildelt 992 millionar euro. Tre av dei utvalde prosjekta er norske og vil til saman motta 96,6 millionar euro, tilsvarande 1,1 milliardar kroner. Dei norske selskapa skal produsere fornybart hydrogen på Rjukan (Norwegian Hydrogen), i Mosjøen (Gen2 Energy) og i Hammerfest (GreenH). EU-kommisjonen planlegg ein tredje auksjonsrunde innan utgangen av året. Les meir hos Enova.
Infografikk frå EU-kommisjonen
EU og Storbritannia: mogleg avtale om elmarknaden
I samband med eit toppmøte mellom EU og Storbritannia i London 19. mai vart det kunngjort at partane vil styrke samarbeidet på fleire ulike område, deriblant energi. I ei felles utsegn vert det fastslått at begge partar har interesse av eit nært samarbeid om elektrisitet. Ein vil derfor utforske moglegheitene for Storbritannia si deltaking i EU sin indre elektrisitetsmarknad.
Rapport om LNG-marknaden
EU sitt energibyrå, ACER, publiserte denne veka ein rapport om utviklinga i den europeiske LNG-markanden (flytande naturgass). Rapporten viser mellom anna at andelen LNG i den totale gassforsyninga auka frå 23 prosent i 2020 til rundt 40 prosent i 2024.
Status for REPowerEU
EU-kommisjonen har publisert ein statusrapport tre år etter lanseringa av «REPowerEU»-planen i 2022. Kommisjonen peiker mellom anna på at den totale gassimporten frå Russland har falle frå 150 milliardar kubikkmeter (bcm) i 2021 til 52 bcm i 2024.
Vedtok ny sanksjonspakke
Rådet vedtok tysdag den 17. pakka med sanksjonar mot Russland. Blant tiltaka er ei utviding av sanksjonane mot den russiske skyggeflåten, med listeføring av ytterlegare 189 fartøy.
Energidebatt i Europaparlamentet
Energikommissær Dan Jørgensen deltok denne veka i ein debatt i Europaparlamentet om utfasing av russisk energi, gassrøyrleidningane Nord Stream og EU sin energiavhengnad.