EU-kommisjonen opna måndag ei høyring om energitryggleiken i EU. Ifølgje Kommisjonen er det avdekt fleire manglar i det eksisterande rammeverket for energitryggleik. Kommisjonen føreslår difor å revidere dette rammeverket, mellom anna for å betre kunne møte ein skiftande geopolitisk situasjon. Kommisjonen planlegg å leggje fram eit forslag til revidert rammeverk i første kvartal 2026. Fristen for innspel til høyringa er 13. oktober.
Illustrasjonsbilete. Foto: Joshua Andrew Gross, EU
Nytt initiativ for energieffektivisering
Eit nytt initiativ for finansiering av energieffektivisering for små og mellomstore bedrifter vart lansert førre veke av Den europeiske investeringsbanken (EIB) og EU-kommisjonen. Meir enn 350 000 bedrifter i Europa vil kunne få støtte gjennom ordninga, som har ei samla ramme på 17,5 milliardar euro. Energikommissær Dan Jørgensen peika på at investeringane i energieffektivisering blant små og mellomstore bedrifter ligg på om lag halvparten av nivået til dei større bedriftene i Europa.
Status eitt år etter Draghi-rapporten
EU-kommisjonen arrangerte tysdag ein konferanse om Draghi-rapporten om europeisk konkurranseevne, eitt år etter at rapporten vart lagt fram. EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen heldt opningstala. Ho understreka at energiprisane framleis er høge og ustabile, med betydelege forskjellar i prisnivået mellom medlemslanda. Von der Leyen løfta fram behovet for betre energiinfrastruktur, og viste mellom anna til initiativet «Energy Highways» for å fjerne flaskehalsar, og til det kommande straumnett-initiativet, «Grids Package».
Nye utnemningar i ACER
EU sitt energibyrå, ACER, kunngjorde denne veka utnemningane av ny styreleiar, Emmanuelle Wargon, styrenestleiar, George Niculesc, og midlertidig direktør, Volker Zuleger. Den noverande direktøren, Christian Zinglersen, går av 15. oktober.