Tysdag 6. mai la EU-kommisjonen fram eit vegkart for fullstendig utfasing av energiimport frå Russland (gass, olje og kjernekraft). Vegkartet er ei oppfølging av REPowerEU-planen frå 2022. Kommisjonen peikar på betydeleg reduksjon i energiimporten frå Russland dei siste åra. Mellom anna har importen av gass frå Russland falle frå 45 prosent av gassimporten i 2021 til 19 prosent i 2024. Likevel importerte EU energi frå Russland til en verdi av 23 milliardar euro i fjor. EU-kommisjonen ønskjer no å stanse den resterande importen. Vegkartet inneheld ni tiltak, mellom anna forbod mot gassimport under nye og eksisterande kontraktar innan utgangen av 2025, og under langtidskontraktar innan utgangen av 2027. EU-kommisjonen vil følgje opp vegkartet med ei pakke lovforslag i juni.
Energikommissær Dan Jørgensen presenterte vegkartet i Europaparlamentet (Foto: Valentine Zeler, EU)
Merz og Macron: – fransk-tysk omstart for energi
Onsdag møttest Tyskland sin forbundskanslar Friedrich Merz og Frankrike sin president Emmanuel Macron i Paris. I ei felles uttale med tittelen «ein fransk-tysk omstart for Europa» står det at dei vil gjennomføre ein omstart i energipolitikken. Dette skal byggje eit prinsipp om teknologinøytralitet, likebehandling av all lågkarbon-energi på EU-nivå, og ei pragmatisk tilnærming til lågkarbon-hydrogen. Vidare står det at naturgass kan sjåast på som ein overgangsteknologi for EU-land, og at ein vil halde klart fokus på CO2-utslepp i energimåla.
Diskuterte straumbrotet i Spania og Portugal
Energikommissær Dan Jørgensen deltok onsdag i ein debatt i Europaparlamentet om straumbrotet førre veke i Spania, Portugal og Frankrike. Jørgensen forsikra om si fulle støtte til landa og sa at EU-kommisjonen vil arbeide for styrking av energiinfrastrukturen. Han refererte òg til ENTSO-E, det europeiske nettverket for transmisjonssystemoperatørar for elektrisitet, som har etablert eit ekspertpanel for å undersøke hendinga.
Vedtok forhandlingsposisjon om gasslagring
Europaparlamentet vedtok i dag ein posisjon til forslaget om vidareføring av gasslagerforordninga med to år. Parlamentet ønskjer meir fleksibilitet i regelverket. Rådet vedtok på si side ein posisjon 11. april. Det er dimed klart for trilogforhandlingar om saka. Det første forhandlingsmøtet vil etter planen finne stad 13. mai.
Terje Aasland deltek på energiministermøte
Måndag og tysdag neste veke møtest EU sine energiministrar i Warszawa i Polen. Energiminister Terje Aasland deltek på møtet. På dagsordenen står energitryggleik og reine teknologiar, og energisituasjonen i Ukraina og Moldova. Fatih Birol, leiar av Det internasjonale energibyrået (IEA), vil òg delta på møtet.
Vurdering av prisområde for straum
ENTSO-E, det europeiske nettverket for transmisjonssystemoperatørar for elektrisitet, publiserte førre veke ein rapport med vurdering av prisområda for straum i Sentral-Europa og Norden (Noreg ikkje inkludert). Rapporten vurderer 14 alternative konfigurasjonar for prisområde, mellom anna med mål om optimal ressursbruk.