Energiministrane vedtok posisjon om russisk energi
Måndag 20. oktober møttest EU sine energiministrar i Luxembourg. Hovudsaka på dagsordenen var lovforslaget frå EU-kommisjonen om utfasing av russisk gassimport, kjent som «REPowerEU», som vart lagt fram i mai. Med kvalifisert fleirtal vedtok ministrane Rådet sin posisjon i saka. Dermed er det no klart for forhandlingar mellom Rådet og Europaparlamentet.
Under møtet drøfta energiministrane òg elektrifisering, sett i lys av europeisk konkurranseevne, og energitryggleiken i Ukraina og Moldova. EU-kommisjonen orienterte mellom anna om meldinga deira om «ein global klima- og energivisjon», som vart lagt fram førre veke, og presenterte ein framdriftsrapport om forenkling, gjennomføring og handheving av regelverk på energifeltet.
Energikommissær Dan Jørgensen og Danmark sin klima-, energi- og forsyningsminister Lars Aagaard heldt ei felles pressekonferanse i etterkant av energirådsmøtet 20. oktober. Foto: European Union
La fram arbeidsprogram for 2026
Tysdag 21. oktober presenterte EU-kommisjonen arbeidsprogrammet sitt for 2026. Tiltaka i programmet skal bidra til eit meir suverent og sjølvstendig Europa. Kommisjonen vil halde fram med å prioritere forenkling og gjennomføring av regelverk. På energifeltet blir det varsla fleire initiativ: ein handlingsplan for elektrifisering (inkludert eit initiativ for varme og kjøling), eit forslag om styrka energitryggleik, ei oppdatering av styringsforordninga, eit forslag knytt til transportinfrastruktur og marknader for CO2, samt revisjonar av regelverka for energieffektivisering og for fornybar energi. I tillegg kjem eit forslag til forenkling av regelverket for energiprodukt. Det vert òg varsla «ei klimapakke for det komande tiåret».
Ny sanksjonspakke: importforbod mot LNG
Rådet vedtok i dag den 19. pakka med sanksjonar mot Russland. Tiltaka omfattar fleire sektorar, inkludert energisektoren. Det vert innført forbod mot all import av flytande naturgass (LNG) frå Russland innan utgangen av 2026. Ytterlegare tiltak rettar seg mellom anna mot den såkalla skyggeflåten. Energikommissær Dan Jørgensen omtalar vedtaket som «ei historisk avgjerd».
Sjupunktsplan for reduserte energiprisar
EU-kommisjonen presenterte denne veka ein sjupunktsplan for å redusere energiprisane for hushaldningar og industri i Europa. Planen byggjer på handlingsplanen for rimeleg energi, som blei lagt fram i februar. Dei sju tiltaka skal, ifølgje Kommisjonen, bli iverksett i nært samarbeid med medlemslanda.