EU-kommisjonen kunngjorde i dag resultata av den tredje auksjonen under EU sin hydrogenbank. Ni hydrogenprosjekt i sju land er valde ut og vil til saman få tildelt nær 1,1 milliard euro gjennom Innovasjonsfondet. Ifølgje Kommisjonen er det estimert at prosjekta vil levere 1,1 gigawatt elektrolysekapasitet og produsere over 1,3 millionar tonn hydrogen i løpet av dei første ti åra i drift.
To av dei ni utvalde selskapa er norske, Gen2 Energy og Green H, og får til saman 124 millionar euro (om lag 1,35 milliardar kroner). Støtta til dei norske selskapa skal gå til produksjon av utsleppsfritt hydrogen som drivstoff til skip. Les meir hos Enova.
Illustrasjon henta frå EU-kommisjonen (utsnitt)
Høgnivåmøte om energieffektivisering
Tysdag 5. mai vart det halde eit høgnivåmøte om energieffektivisering i Brussel, leia av energikommissær Dan Jørgensen. Møtet tok føre seg status og utfordringar i gjennomføringa av energieffektiviseringsdirektivet. Innspela skal nyttast i arbeidet med eit nytt rammeverk for energieffektivisering etter 2030, som Kommisjonen planlegg å leggje fram før utgangen av året. Jørgensen understreka at energieffektivisering er strategisk avgjerande for Europa.
Energidialogmøte mellom EU og Moldova
EU-kommisjonen og Moldova heldt tysdag 5. mai den sjuande utgåva av det årlege energidialogmøtet sitt i Brussel. Møtet vart leia av energikommissær Dan Jørgensen og Moldova sin energiminister Dorin Junghietu. Det vart lagt vekt på samarbeidet om energitryggleik og Moldova si gradvise integrering i den europeiske energimarknaden.
Energiministermøte neste veke
12. og 13. mai vert det arrangert uformelt energiministermøte i Nikosia på Kypros. Møtet vil mellom anna ta opp EU-kommisjonen si energimelding «AccelerateEU», energilagring og energitryggleik. Noreg vil delta i møtet.