Tysdag kom Rådet og Europaparlamentet til semje om vidareføring av gasslagerforordninga med to år, fram til slutten av 2027. Etter at forslaget vart fremma av EU-kommisjonen i mars, har saka blitt behandla i både Rådet og Europaparlamentet. Semja om forordninga inneber eit mål for medlemslanda på 90 prosent fyllingsgrad, når som helst mellom 1. oktober og 1. desember. Samstundes vil det vere mogleg for medlemslanda å avvike frå målet med inntil ti prosentpoeng ved krevjande marknadsforhold. Semja må bli formelt godkjend av begge institusjonar. Sjå pressemeldingar frå Rådet og Europaparlamentet.
Infografikk frå EU-kommisjonen
Nytt rammeverk for statsstønad til rein industri
EU-kommisjonen vedtok onsdag eit nytt rammeverk for statsstønad for fremming av «rein industri» (Clean Industrial State Aid Framework, CISAF). Rammeverket vil gjelde fram til slutten av 2030 og dekker mellom anna støtte til utvikling av fornybar energi, straumkostnadar for energiintensive brukarar, industriell avkarbonisering og reine teknologiar.
Rapport om forsyningstryggleik
Energikomiteen i Europaparlamentet vedtok onsdag ein rapport om forsyningstryggleik og motstandsdyktigheit. Rapporten understrekar mellom anna viktigheita av å sikre kritisk infrastruktur og diversifisering av energikjelder og -import.
Høyring: «Citizens Energy Package»
EU-kommisjonen har opna ei høyring om eit kommande initiativ for rettvis omstilling med namnet «Citizens Energy Package» . Kommisjonen planlegg å legge fram ei melding mot slutten av året. Fristen for innspel er 11. september.