Måndag og tysdag, 28. og 29. september, vart det arrangert eit uformelt energiministermøte i Dublin i Irland. Frå Noreg deltok statssekretær i Energidepartementet, Marte Haabeth Grindaker.
Møtet bestod av tre sesjonar med fokus på energikostnader, innovasjon og marknadsomstilling, samt energitryggleik og samarbeid. Ministrane drøfta korleis støttetiltak kan målrettast betre mot dei som er hardast ramma av høge energiprisar. Dei tok òg opp tiltak for å leggje til rette for innovasjon og auka elektrifisering. Styrkt samarbeid vart trekt fram som viktig for energitryggleik og vern av kritisk infrastruktur i eit stadig meir krevjande geopolitisk landskap.
I etterkant av møtet heldt energikommissær Dan Jørgensen ein pressekonferanse saman med Irland sin klima-, energi- og miljøminister Darragh O’Brien, som leidde møtet på vegner av det irske formannskapet i Rådet. Jørgensen sa mellom anna at Europas strategi må vere todelt: meir trykk på omstilling og strukturelle endringar, samstundes som ein på kortare sikt må hjelpe medlemsland, verksemder og borgarar med å handtere krisa.
Energiministrane møtest igjen til formelle møte 29. oktober og 10. desember.
Statssekretær Marte Haabeth Grindaker og energikommissær Dan Jørgensen (foto: EU)
Rapport om sluttbrukarmarknadene
EU sitt energibyrå, ACER, publiserte denne veka sin årlege rapport om utviklinga i sluttbrukarmarknadene for energi («2026 Monitoring Report on Retail Energy Markets»). Rapporten undersøkjer straumrekningar, energikostnader og kva auka elektrifisering inneber for forbrukarane. ACER peikar mellom anna på at energiprisane for hushald har halde seg høge sidan energikrisa i 2022, og at høge straumprisar samanlikna med gassprisar kan gjere det mindre attraktivt for hushald å ta i bruk elektriske løysingar.
Møte i koordineringsgruppene for olje og gass
Fredag 25. september møttest EU si gasskoordineringsgruppe. Gruppa drøfta vinterberedskapen og peikte på at gassforsyninga i EU framleis er stabil, trass i at lagerfyllinga i år er lågare enn på same tid dei siste åra. Oljekoordineringsgruppa møttest tysdag 29. september og vurderte at situasjonen for oljeforsyninga framleis er god. Samstundes trekte gruppa fram dei høge prisane, særleg for diesel og flydrivstoff.