Onsdag la EU-kommisjonen fram ein strategi for auka beredskap mot truslar og krisar («Preparedness Union Strategy»). Kommisjonen føreslår 30 ulike tiltak for å styrke EU si evne til førebygging og respons, i lys av auka geopolitiske spenningar, naturkatastrofar og hybride truslar. Blant tiltaka er ein gjennomgang av rammeverket for forsyningstryggleiken, og eit komande forslag om oppbygging av beredskapslager, mellom anna for energiutstyr og kritiske råmateriale.
EU-kommisjonen presenterte «EU Preparedness Union Strategy» på ein pressekonferase 26. mars (Foto: Claudio Centonze)
Energi var tema under EU-toppmøte
Det europeiske råd vedtok konklusjonar om energi under møtet deira førre veke (sjå side 5). Mellom anna vert medlemslanda oppmoda til å auke innsatsen for reduserte energiprisar, styrkt forsyningstryggleik og auka elektrifisering. EU-kommisjonen og Rådet vert oppmoda til å byrje å setje i verk tiltaka i Kommisjonen sin handlingsplan for rimeleg energi allereie i år.
Resultat av seinaste runde med felles gassinnkjøp
I den seinaste runden med felles gassinnkjøp på EU-nivå har det blitt lagt til rette for kjøp og sal av 20 milliardar kubikkmeter gass, melder EU-kommisjonen.
Nedgang i EU sin energiimport i fjor
I 2024 var det ein nedgang i energiimporten til EU samanlikna med 2023, både i verdi (-16,2 prosent) og i volum (-7,1 prosent). Ifølgje Eurostat stod Noreg for 45,6 prosent av røyrgassimporten, 4,7 prosent av LNG-importen, og 13,5 prosent av oljeimporten til EU i fjor.
Høyring om karbonlagring
EU-kommisjonen har opna ei høyring om olje- og gassprodusentar sine forpliktingar vedrørande karbonlagring under forordninga for produksjon av nullutsleppsteknologiar («Net-Zero Industry Act»). Fristen for innspel er 16. april.
Europakommisjonen ber om innspel til Clean Industrial Deal State Aid Framework
Europakommisjonen vil ha di meining om utkast til nytt rammeverk for statsstønad for å akselerere utbygginga av fornybar energi, fremje industriell avkarbonisering og sikre tilstrekkeleg kapasitet for produksjon av rein teknologi. Les meir på regjeringa.no.