EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen deltok denne veka på Verdas økonomiske forum i Davos (World Economic Forum). I ei hovudtale på tysdag understreka von der Leyen betydinga av energi for europeisk konkurranseevne. Europa treng lågare og stabile energiprisar, meir rein energi og ei modernisering av infrastrukturen. Ho sa at det er på tide å fjerne attverande hindranger for å fullføre EU sin energiunion.
Torsdag lanserte von der Leyen «Global Energy Transition Forum» saman med leiaren for Det internasjonale energibyrået (IEA), Fatih Birol.
Energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen deltok òg i Davos og heldt ei tale om Ukraina og energi.
EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen tala under Verdas økonomiske forum i Davos. Foto: Dati Bendo, EU
Spørsmål og svar om EU-direktiv
Energidepartementet har publisert spørsmål og svar om fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og bygningsenergidirektivet.
I 2024 vart det for første gong produsert meir straum frå solkraft enn frå kolkraft i EU, ifølgje tankesmia Ember.
EU-delegasjonen sin halvårsrapport om klima og miljø
Spesialutsendingane Thea Ekre og Birthe Ivars samanfattar utviklinga på klima- og miljøfeltet hausten 2024. Klikk her for å lese fleire rapportar frå EU-delegasjonen.