Måndag 16. desember møttest EU sine energiministrar i Brussel. Ministrane vedtok rådskonklusjonar om geotermisk energi. Dei tek til orde for ei raskare utbygging av energiforma. Ministrane diskuterte òg prioriteringar i energipolitikken og korleis ein kan vidareutvikle energiunionen. Dei var samde om at implementering av vedteke regelverk vil vere eit viktig fokus. EU-kommisjonen og det ungarske formannskapet i Rådet orienterte om oppfølginga av EU sin handlingsplan for straumnett. Kommisjonen orienterte òg om situasjonen for forsyningstryggleiken. I tillegg informerte Polen om det komande formannskapet deira i Rådet. Direktøren for EU sitt energibyrå (ACER) var invitert for ei drøfting av utviklinga i kraftmarknaden.
Energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen og Ungarn sin energiminister Csaba Lantos heldt ein pressekonferanse etter energiministermøtet (Foto: European Union)
Auka ambisjonar for offshore energi
EU oppdaterte denne veka det samla ambisjonsnivået for utbygging of offshore fornybar energi. Til saman har EU-landa no mål om ein installert kapasitet på 88 gigawatt innan 2030 og 360 gigawatt innan 2050.
Debatt om europeisk konkurranseevne
Visepresident i EU-kommisjonen, Teresa Ribera, var onsdag til stades i EU-parlamentet og deltok i ein debatt om europeisk konkurranseevne og regelverket under «European Green Deal».
Vedtok nye sanksjonar
Måndag vedtok Rådet den 15. pakka med sanksjonar mot Russland. Blant tiltaka er ei utviding av sanksjonane mot den russiske «skyggeflåten».
Rapportar om infrastruktur og forsyningstryggleik
EU sitt energibyrå ACER publiserte denne veka rapportar om infrastrukturen for straum og om forsyningstryggleiken for straum. ACER peikar mellom anna på eit behov for å framskunde utviklinga av nettet og å auke kapasiteten i eksisterande nett.
Nye tal for fornybar energi
I 2024 auka den installerte kapasiteten for fornybar energi i EU med 77 gigawatt, derav 62 gigawatt solkraft og 15 gigawatt vindkraft, ifølgje EU-kommisjonen.