Onsdag lanserte EU-kommisjonen eit initiativ med namnet «Competitiveness Compass». Dette skal vere ei strategisk overbygning for Kommisjonen sitt arbeid dei komande åra. Kommisjonen seier det er naudsynt å vinne tilbake konkurransekraft i Europa for å kunne halde tritt med verdas leiande økonomiar. Høge og volatile energiprisar visast til som ei sentral utfordring. «Kompasset» byggjer på tilrådingane i den såkalla Draghi-rapporten om europeisk konkurransekraft, og inneheld tiltak for styrkt innovasjon, avkarbonisering og tryggleik.
EU-kommisjonen publiserte samstundes sin årlege rapport om konkurransekraft og den indre marknaden.
EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen og visepresident Stéphane Séjourné presenterte onsdag «Competitiveness Compass». Foto: Dati Bendo, EU
1,2 milliardar euro til grensekryssande prosjekt
EU-kommisjonen kunngjorde i dag støtte på 1,2 milliardar euro til 41 grensekryssande energiprosjekt, gjennom EU-programmet «Connecting Europe Facility». Støtta vil mellom anna gå til prosjekt innan straumnett, hydrogen og CO2-infrastruktur.
Rapport om subsidiar til energi
EU-kommisjonen publiserte denne veka ein rapport om subsidiar til energi i EU-landa. Rapporten viser at det var ein moderat nedgang i subsidiar i 2023, samanlikna med eit særleg høgt nivå i 2022.
Høyringar om «Net-Zero Industry Act»
EU-kommisjonen har opna fleire høyringar knytt til forordninga for produksjon av nullutsleppsteknologiar («Net-Zero Industry Act»).
Spørsmål og svar om bygningsenergidirektivet
Energidepartementet si nettside med spørsmål og svar om bygningsenergidirektivet omfattar no òg det reviderte direktivet frå 2024.