EU-kommisjonen har oppretta 14 interne prosjektgrupper for å stø opp under arbeidet med Kommisjonen sine politiske prioriteringar. Mellom anna har det blitt oppretta ei eiga prosjektgruppe for «Clean Industrial Deal». Denne gruppa vil leiast av visepresident Teresa Ribera, visepresident Stéphane Séjourné og klimakommissær Wopke Hoekstra. Energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen vil òg delta i gruppa. Jørgensen vil i tillegg leie ei prosjektgruppe for rimelege bustader, og delta i grupper for beredskap og for økonomisk tryggleik.
Berlaymont-bygget i Brussel. Foto: Lukasz Kobus, European Union
Studie om teknologiar for nullutslepp
EU-kommisjonen publiserte tysdag ein studie om produksjon av teknologiar for nullutslepp i dei ulike i EU-landa. Rapporten gir oversyn over status for produksjon av teknologiar innan vindkraft, solkraft, batteri, karbonfangst og varmepumper.
Gratulasjonsbrev til EUs energikommissær
Før jul sende energiminister Terje Aasland eit gratulasjonsbrev til EUs nye energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen. Klikk her for å lese brevet på regjeringa.no.
EU-delegasjonen sin halvårsrapport om energi
Spesialutsending for energi Johan Vetlesen samanfattar utviklinga på energifeltet i EU hausten 2024. Klikk her for å lese fleire rapportar frå EU-delegasjonen.
Oppdatert plan frå EU-kommisjonen
EU-kommisjonen vil 26. februar leggje fram «Clean Industrial Deal», i tillegg til ein handlingsplan for rimeleg energi og eit vegkart for stans av energiimport frå Russland.